NPK: Ved å la familiar «prøvebu» hus gratis, vil Kolset Krins Utviklingslag skaffe nye tilflyttarar og slik redde skulen i den vesle bygda i Bremanger, fortel NRK.
I eit bulystprosjekt på nettsida Finn.no vert spesielt familiar med barneskuleelevar inviterte til å prøvebu i krinsen i eit år.
Låge elevtal i barneskulen over fleire år var ei drivkraft for å leggje ut annonsen.
– Vi har prøvd å annonsere ledige bustadar og jobba opp mot kommunen sitt rekrutteringsprosjekt i lengre tid utan hell. Utviklingslaget kom då fram til at det kanskje var på tide å prøve noko nytt, seier Åse Leirgulen i styret for Utviklingslaget til .
Utviklingslaget vil sponse tre månadar husleige per barn i skulealder. Dette skal blant anna finansierast gjennom oppsparte midlar.
Kolset krins består av fleire småbygder, og har omkring 250 innbyggjarar. Kolset skule ligg i Rugsund. Skulen, som dei no jobbar for å berge, har lenge vore truga av nedlegging.
Privatskulelova seier at det må vere femten elevar dei tre første åra for å kunne drive skulen vidare.

Publisert: 07.06.2019 12:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34