Kort fortalt

Færre fiskar med juksa

Antal juksabåtar går ned.

NPK
27.04.2022

I år er det berre 946 båtar som har fiska torsk med juksa under vinterfisket i nord. Det har vorte 255 færre juksabåtar sidan 2019.

– Det betyr ikkje at desse fiskarane eller båtane også er forsvunne ut av næringa. Dei kan ha lagt om til anna bruk i denne perioden. Det veit vi førebels ingenting om. Men når det gjeld juksa som reiskap er utviklinga tydeleg, seier Charles A. Aas, avdelingsdirektør for omsetning i Norges Råfisklag, til Fiskeribladet.

Juksa består av eit fiskesnøre med mange krokar og eit tungt søkke i enden, og den første juksamaskina vart laga i 1960, ifølgje Wikepedia. Kvaliteten på fisken ved juksafiske er veldig bra, men dette gir seg ikkje utslag på prisen. Siste veke fekk fiskarane i snitt 34 kroner per kilo for juksatorsken, medan fisk teken med garn gjekk for vel 36 kroner og snurrevad for godt over 37, skriv Fiskeribladet.

Dei 946 båtana har levert 7088 tonn torsk i år, mot 12.146 tonn fordelt på 1201 båtar i 2019.

Publisert: 27.04.2022 11:43

Sist oppdatert: 27.04.2022 11:44

Mer om