Kort fortalt

Færre fritidsbåtar på sjøen

Har ikkje råd med dagens drivstoffprisar.

NPK
12.07.2022

Dieselprisane kan ha ført til at gjestehamner over heile Noreg no har færre besøkande med båt, samanlikna med tidlegare høgsesongar.

– Det er mykje mindre folk. Det er halvert frå i fjor, føler me. Det må jo vera prisane, seier Hogne Bertelsen, driftsleiar ved Vassøy Bunkringsstasjon til NRK.

Hamner spreidd over heile landet seier det same: Det er færre fritidsbåtar på sjøen i sommar samanlikna med i fjor.

Folk vurderer å kvitte seg med båten fordi dei ikkje har råd, ifølgje ei gjestehamn. Dei største motorbåtane er ikkje ute i sommar, melder ei anna. Det er for det meste seglbåtar, ifølgje ei tredje.

Felles for gjestehamnene med lågare besøk er at dei trur på ei forklaring: høgare dieselpris.

– Me ser ein tendens til færre båtar og at dei går saktare, fortel Hans Olav Sandvoll, dagleg leiar i Ryfylke Friluftsråd og at det derfor er nærliggjande å tru at diesel- og bensinprisar speler ei rolle. Folk utnyttar truleg dieselen dei har så godt som mogleg.

Publisert: 12.07.2022 16:03

Sist oppdatert: 12.07.2022 16:04

Mer om