NPK-NTB. Fleire tusen mista retten til arbeidsavklaringspengar då regjeringa stramma inn regelverket i fjor. Også langt færre kjem inn i AAP-ordninga.
Den første analysen til Nav etter at regjeringa stramma inn AAP-reglane viser at færre nye kjem inn i ordninga, skriv Dagsavisen.
Nav anslår at 2.400 fleire personar ville fått arbeidsavklaringspengar i 2018 om ikkje regelverket var endra.
Analysen er basert på tal frå 2010 til 2018. Omfanget av søknader om arbeidsavklaringspengar følgjer i stor grad utviklinga på arbeidsmarknaden, ifølgje Nav. I både 2017 og 2018 var det ein nedgang i talet som søkte. Nav skriv at nedgangen i fjor kan vere påverka av det nye regelverket «ved at veiledningen fra Nav-kontorer har blitt endret i tråd med de nye inngangsvilkårene slik at enkelte personer som tidligere ville ha søkt AAP, nå ikke gjorde det».
– Dei første analysane som blir gjorde, vil ikkje gi eit fullstendig bilde av kva for konsekvensar regelendringa har hatt. Ein full evaluering vil ta tid, skriv Heidi Nicolaisen, fungerande leiar for utgreiingsseksjonen i Nav, i ein e-post til avisa.
Ifølgje Nav-tal frå mars vart talet på personar på AAP redusert med nesten 17.000 personar i fjor. Nav har ikkje oversikt over kor mange av desse som var ferdig avklart før dei fall ut.

Publisert: 12.06.2019 08:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34