Kort fortalt

Færre jobbar overtid

Snittet er no på ein halvtime i veka.

26.03.2019
NPK: Bruken av overtid har gått ned dei siste åra, og blant dei som framleis jobbar overtid har timetalet også gått ned.
Tal frå Arbeidskraftundersøkinga viser at færre jobbe overtid i dag enn tidlegare, skriv .
I perioden mellom 2008 og 2018 var mengda overtid brukt til avspasering og overtid utan kompensasjon hos lønnstakarar stabil, og dei to typane overtid låg på om lag 10 minutt per veke. Gjennomsnittet for betalt overtid i 2008 var på tre kvarter per veke og i 2018 ein halvtime per veke. På same tid gjekk gjennomsnittleg avtalt arbeidstid ned med om lag ti minutt per veke i denne perioden.
Til saman var 2,3 prosent av alt utført arbeid av heiltidstilsette overtidsjobbing, ifølgje SSB.
Dei aller fleste heiltidstilsette jobbar ikkje overtid, verken for avspasering, ekstra lønn eller utan kompensasjon. I 2008 jobba berre 13,5 prosent som overtid, mens i 2018 har delen blitt til 10 prosent.
Ifølgje SSB går bruken av overtid ned, fordi overtidsbetaling utgjer ein fallande del av den totale lønna.

Publisert: 26.03.2019 11:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35