Kort fortalt

Færre kommunar på Robek-lista

Fire Robek-kommunar i Nordfjord og på Sunnmøre.

NPK
19.07.2021

NPK: Økonomien i mange kommunar går betre enn før, Berre 15 kommunar er no stempla som økonomisk ubalanserte. Samtidig varslar ekspertane tøffare tider, skriv NRK.no.

Dei siste fem åra har den samla verdien av pengar kommunane har til overs, auka med 31,3 milliardar frå 26,6 milliardar i 2015 til 57,9 milliardar i 2020, fortel kanalen etter å ha sett nærmare på tal frå Kostra – KOMMUNE-Stat-rapportering.

I same perioden har det årlege samla overskotet til kommunane auka med 1,4 milliardar kroner og gått opp frå 11,8 til 13,2 milliardar, heiter det. Denne summen viser ifylgje NRK kor mykje kommunane har «tent» på eitt år.

Berre 15 kommunar står på den såkalla Robek-lista over kommunar som er i økonomisk ubalanse. Desse er: Åsnes (Innlandet), Kviteseid (Vestfold og Telemark), Austrheim, Bremanger og Gloppen (Vestland), Sande, Giske og Rauma (Møre og Romsdal), Heim (Trøndelag), Fauske, Moskenes og Hamarøy (Nordland), Porsanger og Karasjok (Troms og Finnmark).

Publisert: 19.07.2021 11:10

Sist oppdatert: 19.07.2021 11:12