Kort fortalt

Færre konkursar i Møre og Romsdal

Mellom fylka med best start på året.

Marius Rosbach
06.05.2019
Vest-Agder og Møre og Romsdal var fylka med størst nedgang i talet på konkursar første kvartal, med høvesvis 21 og 20 færre konkursar.
67 konkursar vart registrert i Møre og Romsdal desse månadene, og 15 konkursar i Sogn og Fjordane.
På landsbasis vart det fyrste kvartal i år opna 1 333 konkursar, som er ein oppgang på 2,5 prosent samanlikna med same periode i fjor, ifølgje ferske tal frå .
Den største prosentvise oppgangen finn vi i Nordland og Hedmark med høvesvis 48 og 47 prosent fleire konkursar, viser nye tal frå statistikken.
27 prosent av føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner, medan byggje- og anleggsverksemd stod for 25 prosent. 39 prosent av konkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Publisert: 06.05.2019 14:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35