Kort fortalt

Færre laks på rømmen

Under 2.000 oppdrettsfisk har rømt frå merdane sine hittil i år.

NPK
30.05.2022

Det er meldt om til saman fem hendingar med stadfesta rømming.

Statistikk viser ein nedgang i talet på rømde laks dei siste 15 år, heiter det i ei pressemelding frå Sjømat Norge.

Resultata frå den nasjonale overvakinga og Oppdrettsnæringens sammenslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk (OURO) viser ei tilsvarande utvikling, med lågare innslag av rømt laks i elv, melder Fiskeribladet.

– Dette er ei gledeleg utvikling som havbruksnæringa har jobba hardt for å oppnå, seier mangeårig leiar Rømmingsutvalet i Sjømat Norge, Tarald Sivertsen, i pressemeldinga.

Han peikar på planmessig forbetringsarbeid og god dialog med fagmiljø, teneste- og utstyrsleverandørar og styresmakter. I tillegg har det vore ein konstruktiv dialog med lokale elveeigarar.

Han meiner det er viktig å merke seg at denne utviklinga har skjedd samstundes med at det har vore ein vekst i produksjonen.

Fiskeridirektoratet erfarer likevel at tala kan vere usikre på grunn av urapporterte hendingar og utfordringar knytte til fastsetting av talet på rømd fisk.

Publisert: 30.05.2022 16:07

Sist oppdatert: 30.05.2022 16:08

Mer om