Kort fortalt

Færre norske sjøfolk

16.400 registrerte i 2018.

12.06.2019
NPK: Ein rapport viser at det er 12 prosent færre sjøfolk no enn det var for fire år sidan.
Rapporten er gjennomført av Menon Economic på vegner av Norsk Sjøoffisersforbund og viser at talet på sjøfolk er redusert med 12 prosent dei fire siste åra, skriv . I 2018 var det om lag 16.400 norske sjøfolk på skip registrert i NOR og NIS.
Hensikta med rapporten var å kartleggje kva område den maritime kompetansen blir nytta og kva kompetanse det vil verte behov for i åra framover.
35 prosent av respondentane i undersøkinga svarer at det vil vere eit auka behov for tilsette med operasjonell og praktisk erfaring frå sjø om fem år i forhold til i dag. I overkant av 70 prosent meiner at personar med operasjonell og praktisk erfaring frå sjø vil ha ganske stor eller svært stor betydning for å dekkje behovet for arbeidskraft fram mot 2030.

Publisert: 12.06.2019 17:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34