Kort fortalt

Færre oppdrettslaksar i elvane

Betre enn på lang tid.

11.06.2018
NPK: Ikkje sidan overvakinga av rømt oppdrettslaks starta for fire år sidan, har så få oppdrettslaksar funne vegen opp i elevane som i fjor, viser ny rapport.
Av 154 av 197 undersøkte vassdrag blei innslaget av rømt oppdrettslaks i fjor vurdert til å vera lågt eller moderat, fortel Fiskeridirektoratet.
Opplysningane kjem fram gjennom Det nasjonale overvakingsprogrammet for rømt oppdrettsfisk i vassdrag.
– At talet på rømt oppdrettsfisk i elvane var lågare i fjor enn tidlegare, kan ha samanheng med at det rømte færre fisk i fjor enn i åra før, seier Vidar Wennevik som er prosjektleiar for programmet i ein kommentar på nettsidene til Havforskingsinstituttet.
Forskarar frå Havforskingsinstituttet er saman med ei rekkje andre forskarar med i gruppa for det nasjonale overvakingsprogrammet.
Sidan overvakinga starta, har stadig fleire vassdrag blitt med i ordninga. Vassdrag langs heile kysten blir undersøkt. Mengdene av rømt oppdrettslaks varierer.
Hordaland er verstingen i år som tidlegare. Ikkje minst er det mange elvar i Hardanger med høgt innslag av rømt oppdrettsfisk.
I andre enden av skalaen finn vi vassdrag langs kysten frå Oslofjorden til og med Rogaland som hadde svært lite innslag av rømt oppdrettsfisk.

Publisert: 11.06.2018 20:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38