Kort fortalt

Første brannen i ei batteriferje

Kan få konsekvensar for nye ferjer.

14.10.2019
NPK: Brannen og eksplosjonen på batteriferja MF Ytterøyningen i Sunnhordland sist veke kan få konsekvensar for korleis ein byggjer ferjer i framtida.
– Vi har fire store ferjer og tre mindre under bygging, i tillegg til to ombyggingar. Det blir heilt avgjerande å koma til botnar i kva som har skjedd her, fordi det potensielt kan føra til endringar i nybyggingar og ombyggingar, seier regionsjef for ferje i Norled, Inge Andre Utåker, til
Ifylgje kanalen er det første gongen i Noreg at det har brote ut brann i ei batteriferje. Brannen førte til omfattande skadar. Regionssjefen i Norled meiner reparasjonane vil kosta mist 20 millionar kroner.
Det blir no arbeidd for å finna årsaka til brannen. Både Sjøfartsdirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap følgjer dette arbeidet tett.
– Dette er ny teknologi, og når det skjer slike ting er det sjølvsagt stor interesse. Det er litt tidleg å seia noko om eventuelle konsekvensar for nye ferjer, men vi ønskjer å få raskt avklart kva som har skjedd, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap seier dei vil skaffa seg informasjon slik at andre fartøy med liknande anlegg kan bli følgt opp

Publisert: 14.10.2019 12:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32