Ålesund kommune fekk søndag meldt inn eitt nytt tilfelle av koronavirus. Det er bekrefta at det dreier seg om virusmutasjonen delta. Dette er det første registrerte tilfellet av deltavirus i Ålesund, opplyser kommunen i ei pressemelding.
Det dreier seg om innreisesmitte frå ein annan del av landet. Smittesporing er gjennomført og der er få nærkontaktar.
- Vi ventar at det blir ein del importsmitte framover fordi vi reiser meir no i sommarferien, seier kommuneoverlege Jonas Kvale Vegsundvåg.
- Det er difor viktig å ha låg terskel for å teste seg ved symptom. Vi minner om at vaksinerte kan ha veldig milde symptom på smitte, seier han.
Publisert: 12.07.2021 10:15
Sist oppdatert: 12.07.2021 10:16