Første hydrogenferje i drift
MF Hydra er sett inn i rute.
Når MF Hydra fredag blir sett i drift med utsleppsfritt hydrogen, blir ho den første hydrogenferja i verda.
– Statens vegvesen er stolt over å bidra til at offentlege innkjøp har vorte eit viktig verkemiddel for å utvikle og implementere ny teknologi, og gjennom det gi betre tenester til trafikantane, seier Anders Sæternes frå ferjeavdelinga i Statens vegvesen i ei pressemelding.
– Dette er ein historisk dag, både for reiarlaget Norled og for Noreg som leiande skipsfartsnasjon. I dag er vi vitne til av det første skipet i verda seglar på flytande hydrogen, seier Heidi Wolden, administrerande direktør i Norled.
Sidan årsskiftet har Norled gjennomført systemtestar ved kai på Hjelmeland. Dei siste vekene har det vorte gjennomført sjøprøver og dei siste godkjenningane er på plass frå Sjøfartsdirektoratet.
Norled har sjølv leidd prosjektet med å utvikle teknologien rundt MF Hydra.
Publisert: 31.03.2023 12:50
Sist oppdatert: 31.03.2023 12:50