Kort fortalt

Første rentehopp på sju år

Noregs Bank anslår ei styringsrente på 2 prosent om tre år.

20.09.2018
NPK-NTB: Torsdag heva Noregs Bank styringsrente med 0,25 prosent. Dette er berre første steg mot eit høgare rentenivå.
Prognosane i Pengepolitisk rapport anslår at styringsrenta skal hevast gradvis til 2 prosent ved utgangen av 2021.
For første gong på sju år heva sentralbanken styringsrenta torsdag, frå rekordlåge 0,5 prosent til 0,75 prosent. For å nå gradvis opp til ei styringsrente på 2 prosent, er det grunn til å tru at vi dei neste tre åra kan få fem renteaukingar på «ein kvarting».

Publisert: 20.09.2018 10:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37