Første spadetak for bypakka
Markerte byggestart i Ålesund.
Torsdag blei byggestarten på E136 Breivika-Lerstad markert med første spadetak.
Fylkesordførar Tove Lise Torve, ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal, elevrådsrepresentantane Anita Lai Rønning og Louis Morstøl Nogva frå Lerstad skule og prosjektdirektør Ove Nesje i Statens vegvesen deltok på markeringa.
Prosjektet er det største og mest omfattande i Bypakke Ålesund, med tre km innfartsveg i tunnel og fire km samanhengande gang- og sykkelveg mellom Moa og Lerstad.
- Breivika-Lerstad har stor betydning for kollektivtilbodet vårt, fordi bussane kjem fortare fram og reisetida blir redusert, uttaler fylkesordføraren i ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Publisert: 08.04.2022 09:43
Sist oppdatert: 08.04.2022 09:45