NPK-NTB: 161 ordførarar garanterer mot skulenedleggingar i kommunane sine, dersom dei vinn valet.
Totalt 236 ordførarar har svart på SMS-undersøkinga til Nationen, der dei har vorte spurde om dei kan garantere mot nedleggingane dei neste fire åra.
21 ville ikkje gi den garantien. Fleire svarar at dei ikkje vil, eller ønsker, å legge ned skular, men legg til at det er vanskeleg å garantere mot.
Talet på grunnskular med 50 elevar eller færre er nær halvert dei siste 20 åra, ned til 425 skular. I mange bygdesamfunn er dei små skulane nødvendige på grunn av lange avstandar.
– Det er viktig for busetjinga. Vi er nøydde til å ha skular på mange små plassar sidan vi har ei så spreidd busetjing med mange små øyar, seier ordførar Olav Terje Hoff (Sp) i Rødøy I Nordland.
Professor Thomas Nordahl ved Høgskolen i Innlandet seier at det ikkje er storleiken på skulen som bestemmer kvaliteten, men legg til at dei små skulane har utfordringar ein må ta på alvor.
– Det vi ser, til dømes på småskuletrinnet, er at det sosiale miljøet på dei minste skulane er dårlegare enn på dei større, seier han.

Publisert: 09.09.2019 09:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32