Kort fortalt

GET sluttar med tekst-TV

- Ikkje så viktig for kundane.

13.05.2019
NPK-NTB: GET fjernar moglegheita til å bruke tekst-TV på dei nye dekodarane sine fordi dei meiner det ikkje blir så viktig for kundane framover.
Sjølv om nesten 300.000 menneske brukar tekst-TV-tenesta dagleg, ifølgje tal frå NRK og analyseselskapet Kantar, vel GET å slutte med tekst-TV. Det melder NRK Dagsnytt.
– Stadig færre bruker tekst-TV og fleire av TV-kanalane har lagt ned funksjonen allereie, og mellom anna TV 2, TV3, TV Noreg og NRK har sagt at dei vurderer å gjere det i nær framtid. Derfor har vi valt å ikkje bruke ressursar på ta med funksjonen inn i dei nye boksane, seier kommunikasjonssjef Sebastian Eidem i GET til NRK.
Kommunikasjonssjefen seier vidare at dei heller vil bruke tid og pengar på nye funksjonar som blir viktigare framover.

Publisert: 13.05.2019 08:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34