Kort fortalt

Gir 777 millionar til nettverk for hydrogen

Staten blar opp. Kristiansund-anlegg får støtte på Nordvestlandet.

NPK
05.11.2024

(NPK): Fem prosjekt for hydrogenproduksjon får støtte frå Enova. Satsinga skal vere eit springbrett for bruk av hydrogen i norsk skipsfart.

Statsføretaket Enova støttar fem prosjekt (se under) for hydrogenproduksjon med over 777 millionar, ifølgje ei pressemelding. Målet er å få skipsfarten over på eit meir miljøvennleg drivstoff.

Prosjekta som får støtte skal bli del av eit nettverk av hydrogenprodusentar langs ned norske kystlinja, frå Slagentangen i søraust til Bodø i nord.

– Dette vil gjere hydrogen meir tilgjengeleg for dei som ønsker å satse på berekraftig skipsfart, seier Nils Kristian Nakstad, administrerande direktør i Enova.

Disse prosjektene får støtte

  • Hydrogenanlegg i Slagentangen i Vestfold: GreenH i samarbeid med Grieg Edge og Esso Norge. Støttebeløp: 144,11 millioner norske kroner. 
  • Hydrogenanlegg i Egersund i Rogaland: Kaupanes Hydrogen, eid av Hydrogen Solutions, Dalane Energi og Eigersund Næring og Havn. Støttebeløp: 206 millioner norske kroner.  
  • Hydrogenanlegg i Florø i Vestland: HyFuel, eid av Hydrogen Solutions, Fjord Base og Sogn og Fjordane Energi. Støttebeløp: 180 millioner norske kroner.   
  • Hydrogenanlegg i Kristiansund i Møre og Romsdal: GreenH. Støttebeløp: 118, 66 millioner norske kroner.  
  • Hydrogenanlegg i Bodø i Nordland: GreenH . Støttebeløp: 128,65 millioner norske kroner.  

Den samla produksjonskapasitet på dei fem prosjekta vil vere på 120 MW, som svarar til cirka 40 tonn hydrogen per dag. Saman med prosjekt som har fått støtte tidlegare vil det bidra til ein utsleppsreduksjon på 200.000 tonn CO2 per år, gitt at det blir investert i nok fartøy til å ta alt i bruk.

Reduksjonen svarar til 5,5 prosent av dei nasjonale utsleppa frå sjøfart og fiske på 3,66 millionar tonn CO2 per år, ifølgje SSB-tall frå 2022.

– Desse prosjekta kan kutte utsleppa i Noreg, men vil også bidra til omstillinga i resten av Europa og verda, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap).

(©NPK)

Publisert: 05.11.2024 14:05

Sist oppdatert: 05.11.2024 14:05

Mer om