NPK-NTB: Viking Cruises, som eig cruiseskipet Viking Sky, gir éin million kroner til Redningsselskapet som takk for innsatsen under redningsaksjonen i mars.
Gåva frå Viking Ocean Cruises og styreleiar Torstein Hagen blir gitt som ei takk for innsatsen Redningsselskapet bidrog med under nestenhavariet av cruiseskipet Viking Sky i mars.
– Vi er svært takknemlege for denne gåva frå Viking Cruises. Midla gir oss moglegheit til å satse meir på utstyr og opplæring innan konseptet masseevakuering. Vi skal trene vårt eige personell slik at vi blir endå betre rusta til å takle denne typen hendingar i framtida, seier generalsekretær Rikke Lind i Redningsselskapet.
Viking Sky fekk motorstans på havstrekningen Hustadvika ved 14-tida laurdag 23. mars
Redningsskøytene Erik Bye og Mærsk låg i beredskap medan evakueringa av cruiseskipet gjekk føre seg.
Cruise-reiar Torstein Hagen seier at summen av alle dei frivillige og offentlege bidraga gjorde at passasjerar, mannskap og skip kom seg til hamn i relativ god stand.
– Æra for det blir delt av mange, og eg vil for alltid vere takknemleg for at Redningsselskapet med RS Erik Bye og RS Mærsk var på plass ved Hustadvika, klare til å hjelpe, seier Hagen.
Det var 1.373 personar om bord då Viking Sky fekk motorstans på havstrekningen Hustadvika ved 14-tida laurdag 23. mars. Rundt 470 passasjerar vart heisa opp i helikopter.

Publisert: 03.04.2019 09:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35