NTB Sksu JD Wwas
Kort fortalt

Gir gratis bussreiser i to månader

Tiltak for å auke kollektivbruken.

NPK
04.07.2022

Frå 22. august og i to månadar blir det gratis å reise med buss i Ålesund byområde, Sula og Giske. Målet er at fleire skal bli vande med å bruke kollektivtransport.

– Dette er ein god moglegheit for alle i Ålesund-området til å prøve kollektivtransport, og å sjå alle fordelane, seier samferdselsdirektør Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Gratisperioden startar same dag som det blir starta innkrevjing av bompengar i Ålesund.

Tilbodet om gratis buss er for dei som gjennomfører heile reisa – går både på og av bussen – i gratisområdet. Gratisområdet (sjå kartet) er desse sonene: 300 Ålesund, 302 Moa, 303 Blindheim/Solavågen, 304 Magerholm, 305 Brusdalen, 306 Ellingsøya, 307 Taftesund, 308 Valderøy-Giske, 309 Godøya, 310 Roald, 311 Digernes, 314 Glomset, 321 Langevågen, 322 Sulesund.

For bussreiser inn og ut av gratisområdet må ein betale billett for heile reisa som før. Det blir òg 40 prosent rabatt på alle hurtigbåtreiser til og frå Ålesund i same periode. Dette gjeld ruta Hareid-Valderøy-Ålesund, Langevåg-Ålesund og Nordøyruta (NB: Nytt opplegg på Nordøyruta frå 28. august.)

Publisert: 04.07.2022 17:49

Sist oppdatert: 04.07.2022 17:51

Mer om