Kort fortalt

Gir opp bakerisatsing - og startar ein ny

Legg ned i Volda og Geiranger, men satsar igjen.

20.05.2020

Selskapa GB Produksjon og GB Geiranger har meldt oppbod. Selskapa har drive bakeri, med hovudbase i Volda, men med planar om å starte opp i Geiranger i år når turistsesongen starta.

I 2018 omsette GB Produksjon for 0,6 millionar kroner, og sat att med resultat før skatt på minus 0,8 millionar etter omlegging av drifta. Bustyrar er advokat Camilla Maria Solbakken, og første skiftesamling er 22. juni i Sunnmøre tingrett.

Styreleiar og dagleg leiar Stein Lystad fortel til Sunnmørsposten at han meiner det ikkje hadde vore mogleg å drive bakeri i Geiranger i sommar, slik koronakrisa har utvikla seg.

No vil han i staden starte GB Ålesund - som skal drive bakeri og utsal ved Kremmegården i Ålesund og Devoldfabrikken i Sula.

Publisert: 20.05.2020 08:44

Sist oppdatert: 14.01.2023 00:14