Kort fortalt

Gir opp drift av treningssenter

Mista mange medlemar etter korona.

Marius Rosbach
01.09.2021

Selskapet som har drifta Hareid Wellnessenter har meldt oppbod og gir opp drifta av treningssenteret i Hareid sentrum.

Før helga melde dei på Facebook-sida si at dei ikkje lengre klarar å drifta senteret. Årsaka er kraftig nedgang i talet på medlemmar etter koronapandemien slo til, og senteret stengte same dag.

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Wellness T, og avgjerda frå tingretten viser ei gjeld på nær 390.000 kroner og anslått verdi på kring 225.000.

Selskapet blei starta i 2012 og er ikkje oppført med tilsette. Omsetninga har svinga over og under ein million kroner og dei siste tre åra har resultata enda med overskot.

Bustyrar er Linda Brevik og første skiftesamling i tingretten er 18. oktober.

Publisert: 01.09.2021 10:29

Sist oppdatert: 01.09.2021 10:36

Mer om