NPK-NTB-AFP: Det første konteinarskipet som nokon gong har segla gjennom Nordaustpassasjen, er framme i St. Petersburg.
Fartøyet frå det danske reiarlaget Maersk kom til den russiske byen torsdag. Venta Maersk har frakta fisk og sørkoreansk elektronikk.
Ferda har gått gjennom Nordaustpassasjen, nord for Sibir. Ruta er blitt mogleg sidan isen i Arktis har krympa som følgje av global oppvarming.
Fartøyet forlét Vladivostok, lengst aust i Russland, i slutten av august. Det gjekk innom Busan i Sør-Korea før det segla gjennom Beringstredet og sette kursen vestover.
Atomdrivne isbrytarar var med på reisa, og Venta Maersk er bygd for å tole ekstreme verforhold. Reiarlaget understrekar at turen først og fremst er meint som ein test, og at dei førebels ikkje reknar Nordaustpassasjen som eit kommersielt alternativ til dei tradisjonelle rutene mellom Asia og Europa.

Publisert: 27.09.2018 23:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37