Kort fortalt

Gjennomgang av bomselskapa

Dale vil ha økonomikontroll.

26.10.2019
NPK-NTB: Etter avsløringar om regelbrot i fleire regionale bompengeselskap, ber samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) om økonomikontroll av selskapa.
Det skriv Dale i eit brev til fylkeskommunane fredag, opplyser statssekretær Tommy Skjervold (Frp) i Samferdselsdepartementet til
Tidlegare denne månaden gjekk Fjellinjen-direktør Anne-Karin Sogn av etter at selskapet mellom anna hadde brote reglar for innkjøp og innleige. Det hadde òg vore dårlege rutinar ved tilsettingar i selskapet, ifølgje ein rapport av konsulentselskapet Deloitte. Fjellinjen er eigd av Oslo kommune og Akershus fylkeskommune.
I brevet ber samferdselsministeren eigarane av bomselskapa Ferde, Vegfinans, Vegamot og Bompengeselskap Nord AS om å gjere tilsvarande gjennomgangar, ifølgje avisa.
Den siste veka har omtalt uheldige dobbeltroller i leiinga i bompengeselskapet Ferde. Selskapet er eigd av fem fylkeskommunar og tok i fjor inn 2,4 milliardar kroner frå bilistar på Sør- og Vestlandet.
Dale skriv i brevet til fylkeskommunane at han har merka seg funna etter gjennomgangen av Fjellinjen og medieoppslaga i seinare tid om forhold i Ferde, og at det er i lys av dette han kjem med oppfordringa.

Publisert: 26.10.2019 09:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32