Lerstadtunnelen NCC og Statens vegvesen foto Ole Kristian Aset Statens vegvesen
ÅLESUND: NCC og Statens vegvesen feirer gjennombruddet oppe på røysa etter sprenginga i Lerstadtunnelen. Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen
Kort fortalt

Gjennomslag i Lerstadtunnelen

Viktig milepæl i det største prosjektet i Bypakke Ålesund.

NPK
04.02.2026

(NPK): Onsdag vart den siste salva fyrt av i søre sprang på Lerstadtunnelen, med hjelp frå ordførar Håkon Lykkebø Strand i Ålesund. Gjennomslaget markerer ein viktig milepæl i det største prosjektet i Bypakke Ålesund.

-Gratulerer med gjennomslaget, og vi gler oss veldig til heile prosjektet står klart. Det blir ein stor og viktig merkedag for heile regionen, sa ordførar Håkon Lykkebø Strand, ifølgje ei pressemelding frå Vegvesenet.

Entreprenøren rigga til kakebord og kaffi inni tunnelen, og ordførar, Statens vegvesen og NCC heldt talar under markeringa.

– Gjennomslaget er ein stor milepæl for entreprenør NCC, Bypakke Ålesund og prosjektet E136 Breivika-Lerstad. No har vi komne svært langt på ein ny veg som vil endre mykje for veldig mange her i Ålesund, både for trafikantar og nabolag, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

(©NPK)

Publisert: 04.02.2026 20:40

Sist oppdatert: 04.02.2026 20:40

Mer om