Kort fortalt

Enklare med oppdrett av nye artar

Regjeringa endrar forskrift.

NPK
22.02.2024

(NPK): No skal det bli lettare å drive oppdrett av andre artar enn laks, aure og regnbogeaure. Regjeringa gjer nemleg fleire endringar i forskrifta som regulerer fiskeoppdrett.

– Desse endringane skal forenkle saksbehandlinga og bidra til at oppdrett av andre artar blir meir lønnsamt og konkurransedyktig, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth i ei pressemelding.

Eit av dei mest sentrale grepa er fjerninga av restriksjonar mot oppdrett av fleire artar på same stad, noko som vil forenkle saksbehandlingsprosessen for verksemdene.

I tillegg vert forbodet mot oppdrett av torsk i gyteområde og gytefelt for villtorsk gjort meir tydeleg.

– Ved å innføre forbodet i forskrift, sikrar vi ei klar og rettsleg bindande ramme som beskyttar viktige gyteområde frå potensielle påverknadar av torskeoppdrett, seier Myrseth.

(©NPK)

Publisert: 22.02.2024 10:43

Sist oppdatert: 22.02.2024 11:45

Mer om