Kort fortalt

God start for Hurtigruten

Har fått rekordstart på året.

16.01.2023

Hurtigruten Group skriv i ei børsmelding måndag at selskapet har hatt rekordhøge bookingar på starten av året. Auken er på 136 prosent samanlikna med same periode i fjor og det er spesielt stor etterspørsel frå Tyskland, Storbritannia og USA.

Selskapet opplyser også at ein skal låne 15 millionar euro, som skal brukast til marknadsføring og annan arbeidskapital.

Publisert: 16.01.2023 10:14

Sist oppdatert: 16.01.2023 10:16

Mer om