Kort fortalt

God utteljing for Oslo og Austlandet

Halvparten av statsrådane kjem frå Oslo, Akershus og Hedmark.

NPK
15.10.2021

Jonas Gahr Støre si nyslåtte regjering lenar seg tungt på statsrådar frå aust og midt i landet. I sør står ein heil landsdel utan statsråd.

– Dette er dramatisk, seier gjestekommentator i Stavanger Aftenblad Trond Birkedal til NRK Vestland. Støre får med seg 18 statsrådar i regjeringa, ti kvinner. Agder, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og heile landsdelen Sørlandet står heilt utan statsrådar i den påtroppande regjeringa.

I Sogn og Fjordane hadde Senterpartiet over dobbelt så høg oppslutnad som i resten av landet. Det gir likevel ikkje utteljing i form av nøklar til eit departement.

– Det er ein skuffelse, seier sogning, senterpartist og eksstatsråd Liv Signe Navarsete.

Publisert: 15.10.2021 10:02

Sist oppdatert: 15.10.2021 10:04