Kort fortalt

God vekst for Prosess Industri

Auka salet med 18,7 millionar kroner frå 2021 til 2022.

19.04.2023

Selskapet Prosess Industri vart starta i 1994 og held til på Flatholmen i Ålesund.

Selskapet er store på levering av utstyr til salt- og klippfiskindustrien og innan handtering og behandling av salt. I tillegg til dette leverer også Prosess Industri skreddersydde tenester og løysingar til andre næringar som for eksempel mat- og næringsmiddelindustrien. Bedrifta har avdelingar for prosjektering, design og utvikling av både mekanisk og elektrisk utstyr.

Prosess Industri har i dag 25 tilsette, derav 10 ingeniørar, 13 fagarbeidarar og tre tilsette med administrative oppgåver.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 14,9 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.

Selskapet er eigd 50 prosent av Oddgeir Berge og 50 prosent av Pyrofabrikken ved Palmar, Andrë og Ove Bjørnøy.

Prosess Industri
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 68,1 48,4
Driftsresultat 3,4 2,2
Resultat før skatt 2,5 1,5

Publisert: 19.04.2023 09:00

Sist oppdatert: 19.04.2023 07:17

Mer om