Stranda
STRANDA: God vekst for Stranda Ventilasjon. Foto: Stranda Ventilasjon
Kort fortalt

Rekordår for Stranda Ventilasjon

Hadde sitt beste år nokon gong i fjor.

21.04.2023

Historia til Stranda Ventilasjon går heilt tilbake til 1912 då Andreas Solbakken starta med platearbeid i kjellaren på huset sitt. Dei første 10-åra var bedrifta områdets lokale blikkenslager. Etter kvart vart det arbeid med ventilasjon og sponavsug, og tidleg på 1970-talet starta produksjonen av ventilasjonsrister med tilhøyrande produkt.

I 2022 sette selskapet solid omsetningsrekord, med 31,7 millionar kroner. Resultatet før skatt vart solide 8,9 millionar kroner, og dei siste tjue åra har selskapet drive i pluss.

I tillegg til ventilasjonsrister og spjeld, produserer Starnda-selskapet spesialtilpassa løysingar.

Selskapet sysselsette åtte årsverk i fjor. Samla eigenkapital er på 13,2 millionar kroner, og den langsiktige gjelda null.

Selskapet er eigd av Joachim, Mathias og Stine Fivelstad, som kan fordele eit utbyte på 2,4 millionar kroner etter fjoråret.

Stranda Ventilasjon
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 31,7 23
Driftsresultat 8,7 6
Resultat før skatt 8,9 6,8

Publisert: 21.04.2023 14:00

Sist oppdatert: 21.04.2023 10:31

Mer om