NPK: Miljøovervakinga frå 2018 viser at botntilstanden under 90 prosent av anlegga for fiskeoppdrett er god.
Miljøundersøkinga er gjennomført under anlegga, og alle oppdrettarar er pliktige til å overvake korleis miljøet og område rundt og under anlegga blir påverka. Direktør for Kyst- og havbruksavdelinga i , Øyvind Lie, seier undersøkingane viser ein stabil og god trend.
– Dette samsvarer med tidlegare år. Det viser at forholdet mellom drift, miljøovervaking og brakklegging fungerer etter hensikta, seier han.
Berre 14 av 600 undersøkte anlegg hadde «svært dårleg» botntilstand under undersøkinga i fjor. Dei hadde ei overbelastning av organisk materiale på botnen, som følgje av drifta.
– Fiskeridirektoratet har følgt opp anlegga og har pålagt tiltak, som eksempelvis brakklegging av drifta. Anlegga kan takast i bruk når forholda på botnen er tilstrekkeleg restituerte, seier Lie.

Publisert: 08.04.2019 15:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35