Kort fortalt

Gode resultat med bruk av fleksitid

Alle tener på ordninga.

20.08.2019
NPK: Større fleksibilitet og bruk av langvakter kan ha fleire fordelar både for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, viser forsøk i staten.
Forsøk med alternative arbeidsordningar har vore testa ut blant tilsette i Forsvaret, Kriminalomsorga og Tolletaten. Erfaringane frå forsøka er positive frå alle hald, viser ein fersk Fafo-rapport. Fordelane er mellom anna betre høve til å kombinera jobb og familieliv, betre arbeidsmiljø og mindre stress.
Frå arbeidsgjevarane si side blir det dessutan trekt fram at alternative arbeidstidsordningar gjer det lettare å rekruttera og behalda arbeidskraft.
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland meiner forsøka er så positive at fleire bør få prøva ut liknande ordningar.
– Eg håpar at vi på bakgrunn av desse resultata kan bli samde om å gje mange fleire arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i statlege verksemder den same moglegheita, seier Mæland.
Ho meiner partane lokalt bør få større herredøme over eiga arbeidstid og oppmodar fleire kommunar til å vurdera ordningar med fleksitid i tett samarbeid med partane.

Publisert: 20.08.2019 14:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33