Kort fortalt

Godkjenner meir støtte til turistnæringa

Grønt lys for auka krisehjelp.

Marius Rosbach
15.02.2021

(NPK): EØS-tilsynet ESA har måndag godkjent ein auke frå 550 millionar kroner til 850 millionar kroner av budsjettet for ordninga med likviditetsstøtte til bedrifter i turistnæringa.

ESA konkluderte den 6. juli 2020 med at denne ordninga er i samsvar med EØS-reglane og i tråd med det mellombelse statsstøtterammeverket som Europakommisjonen vedtok for å støtte økonomien under covid-19-utbrotet.

Ordninga vart godkjend forlengd den 3. desember 2020 , fram til 30. juni 2021, og budsjettet vart då auka frå 250 millionar kroner til 550 millionar kroner.

Måndagens avgjerd godkjenner ein ytterlegare budsjettauke, frå 550 millionar kroner til 850 millionar kroner. Resten av ordninga er uendra.

(©NPK)

Publisert: 15.02.2021 15:07

Sist oppdatert: 15.02.2021 16:02

Mer om