20230422 122331 1
LEIKONG: Proas byggjer eigenutvikla sjarkar frå lokala på Leikong. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Godt år for båtbyggjar

Proas med sitt beste år sidan starten.

23.04.2023

Herøy-selskapet Proas vart starta i 2003 av Reiar Håvik. Etter kvart overtok sonen Roy Endre Håvik, og gjekk over frå å drive ein snikkarverkstad for produksjon av innreiingar til båtar, til å drive reparasjon bygging av båtar.

Produksjonen består no av eigenutvikla sjarkar og arbeidsbåtar i formstøypt glasfiber.

I tillegg lagar selskapet alt av utstyr i stål og aluminium til båtane, som maskinhus, luker, dører, rekkverk, master og leidarar.

Etter ein brann i lokala i Haugsbygda i Sande, flytta selskapet i februar 2020 til Leikong i Herøy.

Med unntak av 2018, har Proas gått i pluss sidan starten. I 2022 vart det rekordomsetning med 20,7 millionar kroner.

Selskapet er heileigd av Roy Endre Håvik, har ein eigenkapital på 4,4 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 5,0 millionar.

I fjor sysselsette selskapet åtte årsverk.

Proas
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 20,7 16
Driftsresultat 1,5 0,7
Resultat før skatt 1,3 0,7

Publisert: 23.04.2023 09:53

Sist oppdatert: 23.04.2023 09:56

Mer om