9 DB3 B80943 BE4 D23 BC12 F54938641598
ÅLESUND: Adviso med rekordomsetning i fjor. Foto: Adviso
Kort fortalt

Godt år for Adviso

Ålesund-advokatar med beste omsetning sidan starten.

28.04.2023

Selskapet Adviso Advokatfirma vart starta opp i 2012, og har vakse gradvis sidan starten. I 2022 vart det rekordomsetning med 29,2 millionar kroner. Resultatet før skatt enda på 5,7 millionar kroner, litt svakare enn året før.

Selskapet sysselsette i fjor 14 årsverk, der seks av dei er eigarar med lik eigardel. Det er Ingvild Vartdal, Runar Nordby Johnsen, Silje Bruun Teigen, Ole-Reinhart Notø, Kristin Fjellby Grong og Martin Olsen Høye. Dei kan for fjoråret fordele eit utbyte på3,8 millionar kroner.

I tillegg til ordinære advokattenester, er advokatkontoret med å arrangere ei rekke kurs og konferansar. Neste konferanse er 10. mai og handlar om «Uro og endringer i rammevilkår – hvordan påvirkes næringslivet i vår region?»

Adviso Advokatfirma
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 29,2 26,7
Driftsresultat 5,7 6,3
Resultat før skatt 5,7 6,3

Publisert: 28.04.2023 11:00

Sist oppdatert: 28.04.2023 14:38

Mer om