Brennevinsgrova Rosenlund Hamn Gin og ingefaerol 850x550
NYSKAPING: Eitt av dei siste produkta er Rosenlund hamn gin i kombinasjon med ingefærøl. Foto: Brennevinsgrova
Kort fortalt

Godt år for Brennevinsgrova

Harald Strømmegjerde auka omsetninga med 1,3 millionar kroner i fjor.

15.05.2023

I 2018 starta Harald Strømmegjerde opp med brennevinsproduksjon på familiegarden på Straumegjerde Deretter har omsetninga vakse årleg, frå 0,3 millionar kroner i 2019, til 1,6 millionar i 2020, 2,2 millionar i 2021 og 3,5 millionar kroner i fjor. Resultatet før skatt auka også.

Det vert produsert ei lang rekke typar gin og akevitt, og Strømmegjerde har fått fleire prisar for sitt arbeide.

Han fokuserer på lokale råvarer i produksjonen, som bringebær frå Valldal og butare frå Herøy.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 1,8 millionar kroner, og 0,6 millionar kroner i langsiktig gjeld. Lønsutgiftene er så langt på null kroner.

Brennevinsgrova
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 3,5 2,2
Driftsresultat 0,9 0,8
Resultat før skatt 0,9 0,7

Publisert: 15.05.2023 12:30

Sist oppdatert: 15.05.2023 16:16

Mer om