Herøy-selskapet Proas vart starta i 2003 av Reiar Håvik. Etter kvart overtok sonen Roy Endre Håvik, og gjekk over frå å drive ein snikkarverkstad for produksjon av innreiingar til båtar, til å drive reparasjon bygging av båtar.
Produksjonen består no av eigenutvikla sjarkar og arbeidsbåtar i formstøypt glasfiber.
I tillegg lagar selskapet alt av utstyr i stål og aluminium til båtane, som maskinhus, luker, dører, rekkverk, master og leidarar.
Etter ein brann i lokala i Haugsbygda i Sande, flytta selskapet i februar 2020 til Leikong i Herøy.
Med unntak av 2018, har Proas gått i pluss sidan starten. I 2022 vart det rekordomsetning med 20,7 millionar kroner.
Selskapet er heileigd av Roy Endre Håvik, har ein eigenkapital på 4,4 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 5,0 millionar.
I fjor sysselsette selskapet åtte årsverk.
Proas | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 20,7 | 16 | |
Driftsresultat | 1,5 | 0,7 | |
Resultat før skatt | 1,3 | 0,7 |
Publisert: 23.04.2023 09:53
Sist oppdatert: 23.04.2023 09:56