Kort fortalt
Godt år for Kibsgaard-Petersen
Vekst for femte år på rad.
10.04.2024
Arkitektfirmaet i Ålesund auka inntektene frå 11,7 til 13,7 millionar kroner i fjor (sjå tabell). Det er den høgste inntekta selskapet har hatt.
- Det var eit godt år for oss, seier dagleg leiar og eigar Ola Kibsgaard-Petersen om 2023.
Også 2024 har starta bra.
- Det ser framleis bra ut, seier han.
Selskapet har 10 tilsette.
Kibsgaard-Petersen as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 13,7 | 11,1 |
Driftsresultat | 3,6 | 2,6 |
Resultat før skatt | 3,5 | 2,6 |
Publisert: 10.04.2024 13:43
Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27