Hasund Mek. Verksted har historie tilbake til 1947, og har bygd ei rekkje fartøy. Siste åra har verkstedet i stor grad drive med underproduksjon av ulike stål- og aluminiumskonstruksjonar til andre verft og maritime bedrifter i regionen.
I 2022 vart det eit godt år, med omsetning på 11,6 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 1,6 millionar. Ein må tilbake til 2013 for å ha høgare omsetning.
Selskapet har ein eigenkapital på 6,0 millionar kroner, og sysselsette i fjor fire årsverk.
Øyvind Hasund er største aksjonær, saman med Vegard Hasund og Bjørg Karin Hasund.
Hasund Mek. Verksted | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 11,6 | 8,9 | |
Driftsresultat | 1,5 | 1,2 | |
Resultat før skatt | 1,6 | 1,2 |
Publisert: 11.04.2023 12:46
Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27