Godt år for lite verksted
Inntektshopp på 4,1 millionar for Harøy-verksted.
Selskapet Erling Myklebust Mek. Verksted har historie tilbake til 1992, og har produksjonslokale på Myklebust på Harøya.
Ifølgje heimesida er verkstedet i hovudsak underleverandør for bedrifter som produserer utstyr til offshoreindustrien og brønnbåtar. Ein lagar blant anna mindre komponentar som ventilar, pumper, smørehjul og smøreapparat.
I fjor sysselsette selskapet elleve årsverk. Eigenkapitalen er solide 28,3 millionar kroner, og ein har null i langsiktig gjeld.
I 2019 og 2020 var resultatet negativt, men i fjor var eit godt år med både inntekst- og resultatvekst. Beste året omsetningsmessig var derimot i 2008, med 33,9 millionar i inntekter.
Største aksjonær er Erling Myklebust med 48 prosent. Andre aksjonærar er Are Berger og Lisbeth Tandberg, kvar med 17 prosent, samt Kjetil Molnes, Leif Magne Røsok og Knut Haldor Sæterøy, kvar med seks prosent.
Erling Myklebust Mek Verksted | ||||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | ||
Driftsinntekter | 17,2 | 13,1 | ||
Driftsresultat | 2 | 0,5 | ||
Resultat før skatt | 2,2 | 0,6 |
Publisert: 19.05.2023 12:00
Sist oppdatert: 19.05.2023 02:58