Kort fortalt

Godt år for Skreddarhuset

Eid-selskapet tener bra med pengar.

13.04.2023

Selskapet Skreddarhuset på Nordfjordeid disponerer eit bygg på 4.500 kvadratmeter, og leiger ut kontorlokale. Ifølgje heimesida er det no over 20 selskap som har kontor i bygget.

I fjor kom leigeinntektene opp i2,4 millionar kroner, og resultatet før skatt var på 1,1 millionar.

Namnet Skreddarhuset kjem av historien til bygget der dressprodusenten Frislid framleis held til. Dette namnet speglar også at dei fleste bedriftene der lagar "skreddarsydde" løysingar tilpassa kvar einskild kunde sitt behov, vert det opplyst.

Skreddarhuset er eigd 50 prosent kvar av Ove Martin Kjøllesdal og Rune Taklo. Selskapet vart starta i 2000, og med unntak av 2004 har drifta gått i pluss.

Eigenkapitalen er på 2,9 millionar kroner, langsiktig gjeld på 3,6 millionar, og eigarane kan for 2022 fordele eit utbyte på 770.000 kroner.

Skreddarhuset
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 2,4 2,3
Driftsresultat 1,2 0,8
Resultat før skatt 1,1 0,8

Publisert: 13.04.2023 11:01

Sist oppdatert: 13.04.2023 11:01

Mer om