Kort fortalt

Rekordår for taktekkarar

Vestlandstak sette nye rekordar i fjor.

29.03.2023

Spjelkavik-baserte Vestlandstak omsette for 39,2 millionar kroner i fjor. Det er ny rekord for selskapet som vart etablert i 1995.

Med sine 15 tilsette er selskapet eitt av dei største taktekkarfirmaene mellom Bergen og Trondheim, men utfører hovudsakleg oppdrag i Møre og Romsdal.

Selskapet har levert gode resultat i alle år, og passerte i 2012 første gong 20 millionar kroner i omsetning, og har auka omsetninga jamnt etter det.

Eigarar er Oddgeir Borgan med 80 prosent og Hans Petter Grønmyr med 20 prosent. Dei kan for fjoråret fordele eit utbyte på 5,0 millionar kroner.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 7,8 millionar kroner og 0,1 millionar i langsiktig gjeld.

Vestlandstak
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 39,2 35
Driftsresultat 7,8 5,2
Resultat før skatt 7,8 5,2

Publisert: 29.03.2023 10:23

Sist oppdatert: 29.03.2023 10:25

Mer om