324087441 557085109672004 4202665827657865964 n
RESULTAT: Øverbøe Gjørtz med rekordomsetning i fjor. Illustrasjonsfoto: Øverbøe Gjørtz
Kort fortalt

Godt år for Øverbøe Gjørtz

Hadde i fjor sitt beste år sidan starten.

04.05.2023

Advokatfirmaet Øverbøe Gjørtz omsette for 61,8 millionar kroner i fjor. Driftsresultatet vart solide 17,2 millionar kroner, og resultatet før skatt så vidt i pluss etter overskotsdeling.

Selskapet sysselsette i fjor 34 årsverk, og med totalt rundt 40 medarbeidarar er Øverbøe Gjørtz det største advokatfirmaet mellom Trondheim og Bergen.

Advokatane bistår næringsliv, privatpersonar og offentleg sektor med juridisk rådgivning og prosedyre innanfor dei fleste rettsområde.

Selskapet har kontor i Ålesund, Molde, Kristiansund og Ørsta – i tillegg til eit filialkontor på Sunndalsøra.

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz blei danna i 2013 ved ei samanslåing mellom to tradisjonsrike advokatmiljø: Øverbø Standal & Co i Molde/Kristiansund og Gjørtz & Co i Ålesund/Ørsta.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 9,7 millionar kroner, og 0,9 millionar i langsiktig gjeld.

15 av dei tilsette er aksjonærar i selskapet, med 6,25 prosent eigardel. I tillegg eig selskapet eigne akjar, og kjøper aksjar frå partnerar som går ut, og sel til nye som kjem inn.

Advokatfirmaet Øverbøe Gjørtz
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driiftsinntekter 61,8 56,2
Driftsresultat 17,2 15,9
Resultat før skatt 0,01 0,01

Publisert: 04.05.2023 08:00

Sist oppdatert: 03.05.2023 11:26

Mer om