Kort fortalt

Godt økonomisk resultat i Vestland

Fylkeskommunen er godt gjennom krevjande åra med pandemi.

NPK
20.02.2023

(NPK): Eit år med god skatteinngang og større kraftinntekter enn budsjettert gir gode økonomiske resultat for Vestland fylkeskommune.

Årsresultatet viser at disposisjonsfondet aukar med 371 mill. kroner etter at mindreforbruket i 2022 er lagt til, går det fram i ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

– Vestland har kome godt gjennom dei krevjande åra med pandemi. Når næringslivet i fylket går godt, gjev dette høgare skatteinntekter enn vi rekna med. Kombinert med god økonomistyring og nøktern pengebruk i alle avdelingar har dette resultert i eit mindreforbruk, som kan setjast av til viktige satsingar i åra framover, kommenterer fylkesdirektør Rune Haugsdal i pressemeldinga.

Totalt gav skatteinngangen ei meirinntekt på 282 mill. kroner i forhold til budsjettet.

Trass i eit godt resultat merkar også fylkeskommunen presset frå aukande prisar og renter. På driftsbudsjettet viser dette seg særleg i kontraktane for fylkesvegvedlikehaldet, medan det på investeringssida har vore høg vekst på mange av innsatsvarene både for bygg- og vegutbyggingar.

Når det gjeld renteutviklinga, var denne i stor grad teken omsyn til i budsjettet, slik at det aukande rentenivået gjennom året ikkje fekk innverknad på resultatet. Med det høge gjeldsnivået som Vestland fylkeskommune har, vil det aukande rentenivået likevel føre til ytterlegare press på drifta i åra som kjem.

– Pris- og renteutviklinga blir viktige faktorar å ha merksemd på framover. Aukande pris- og rentenivå kan gjere det nødvendig å vurdere investeringstempoet dei komande åra, presiserer fylkesdirektøren i pressemeldinga.

Fylkeskommunen har høge ambisjonar for vidare utvikling. I den regionale utviklingsplanen er det mellom anna mål om at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket i Noreg.

– Vi er opptekne av å setje pengar i arbeid til beste for alle innbyggjarane i fylket, seier fylkesordførar i Vestland Jon Askeland i pressemeldinga.

(©NPK)

Publisert: 20.02.2023 17:23

Sist oppdatert: 20.02.2023 17:24

Mer om