NPK: Kommunaldepartementet har no avgjort fleire kontroversielle grensejusteringar i Møre og Romsdal i samband med kommunereforma.
To av justeringane gjeld Stranda kommune og Fjord kommune som er det nye kommunenamnet på samanslåinga mellom kommunane Stordal og Norddal. Der hadde Fylkesmannen på førehand mellom anna rådd til at bygdene Eidsdal og Norddal i Norddal kommune blir ein del av Stranda kommune. Departementet har likevel vedteke at kommunegrensene ikkje skal endrast for desse bygdene.
– Ei grenseendring for bygdene Norddal og Eidsdal ville vore ei deling av Norddal kommune. Når saka no er avgjort vil dette skapa ro for Norddal og Stordal. No kan dei bruka ressursane på det viktige arbeidet med å byggja ein ny kommune til det beste for innbyggjarane i alle delar av den nye kommunen, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.
Departementet støttar elles forslaget til fylkesmannen om at Liabygda i Stranda blir verande i Stranda kommune.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vidare vedteke at grensa mellom Sandøy og Aukra kommunar blir endra slik at dei elleve fastbuande på øya Orten frå 1. januar 2020 blir flytta frå Sandøy til Aukra kommune og slepp å bli ein del av den nye storkommunen Ålesund.
Fylkesmannen hadde også rådd til at innbyggjarane på Sandøya og Ona skulle bli overført til Aukra, men departementet har bestemt at desse øyane framleis skal høyra til Sandøy kommune.
Departementet har elles vedteke at dei to bygdene Bjørke og Viddal frå 1. januar 2020 blir flytta frå Ørsta kommune til nye Volda kommune. Dette er i tråd med tilrådinga frå fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Ifylgje har fylkesmennene rundt om i landet til saman fått beskjed om å greia ut 20 grensejusteringar i samband med kommunereforma. Møre og Romsdal er ifylgje avisa det fylket med flest justeringar og den mest omstridde er enno ikkje avgjort.
– Vi treng meir tid og meir informasjon om grensejusteringa mellom Gjemnes og Molde, seier kommunalminister Monica Mæland (H) til avisa.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har tidlegare rådd til at Indre Gjemnes blir grensejustert til nye Molde kommune. Kommunal Rapport skriv at dersom det blir vedteke, vil resten av kommunen truleg måtta søkja seg saman med Kristiansund.
Departementet også vedteke fleire grenseendringar på Austlandet, men desse har det ikkje vore så mykje strid om. Mellom anna er det vedteke at grensa mellom Sauherad og Notodden kommunar i Telemark blir justert slik at grunnkretsane Angard og Hjuksebø blir flytta frå Sauherad til Notodden kommune. Dette er i samsvar både med ønsket til innbyggjarane og begge kommunane. Vedtaket inneber at 466 innbyggjarar byter kommune.

Publisert: 03.07.2018 20:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38