Kort fortalt

Grimstad held fram i Kystrederiene

Attvalt som styreleiar.

10.06.2021

Oskar Grimstad frå Hareid held fram som styreleiar i Kystrederiene, som hadde generalforsamling 9. juni.

Grimstad har bakgrunn frå næringslivet og har vore to periodar på Stortinget for Frp.

Vidar Eidsvaag frå Eidsvaag AS på Frøya vart attvalt som styremedlem for sektoren Service- og multifunksjonsfartøy.

Jan A. Paulsen fra Seaworks i Harstad held fram som styremedlem og representant for sektoren Spesialfartøy.

Vidare er Mary-Ann Mostraum i Knarvik-selskapet Roslagen Shipping AS styremedlem for sektoren Bulkfartøy, Britt Eli Olsen frå Bodø-selskapa Charter Nord AS og Finn Olsen Rederi AS er styremedlem for sektoren Passasjerfartøy, Tanja Elisabeth Hoel representerer sektoren Brønnbåt, Øytank-direktar Steinar Uggedal frå Valderøya representerer sektoren Tankfartøy, medan Austevoll-baserte Nils Tore Øpstad Melingen i selskapa Biofeeder Tinto AS og Lighthouse Ship Management AS representerer sektoren Stykkgods- og containerfartøy.

Publisert: 10.06.2021 05:18

Sist oppdatert: 10.06.2021 05:25

Mer om