Kort fortalt

Grundig lei av bondehets

Bøndene etterlyser meir respekt.

NPK
03.05.2021

Ein av tre bønder opplever at folk flest ikkje har høg nok respekt for yrket deira, viser ny undersøking. Fleire reagerer også på negative kommentarar i sosiale medium og meiner debattklimaet har blitt hardare.

– Eg blir kvalm og uvel av alle kommentarane. Eg fattar berre ikkje kvifor det skal vere så lite verdsett å produsera mat, seier sauebonde i Lesja, Ellen Marie Sørum Syse, til NRK.

Ho fortel til kanalen at dei mange negative kommentarane går svært inn på henne. Inntrykket hennar er også at bøndene får hardare medfart enn før og at det er mindre respekt for arbeidet bøndene gjer.

Ifylgje nestleiar Kristian Hegge i Norges Bondelag Innlandet er det mange bønder som opplever det på same måten. Ho meiner likevel at debattklimaet på nettet ikkje berre er eit problem for bønder, men for heile samfunnet. Samtidig trur ho bønder er meir utsette, sidan dei ofte er meir framme i media.

Hegge legg til at dei også får mange positive tilbakemeldingar. Ho peikar mellom anna på at Facebookgruppa #Bondeopprør 21 har fått over 20.000 medlemmer.

I det såkalla Landbruksbarometeret 2021 som er laga på oppdrag frå mellom anna Norges Bondelag, kjem det fram at 27 prosent av bøndene meiner yrket deira har høg respekt blant folk flest, medan 36 prosent ikkje meiner dette.

Publisert: 03.05.2021 10:02

Sist oppdatert: 03.05.2021 10:04