Kort fortalt

Gruvedumping blir rettssak

Natur og Ungdom har leigd toppadvokatar.

NPK
01.09.2022

(NPK): Det kjende advokatfirmaet CMS Kluge skal føre søksmålet om gruvedumping i Førdefjorden i Sunnfjord for Natur og Ungdom og Naturvernforbundet.

Dei to miljøorganisasjonane har gått til sak mot staten for at det er gitt løyve til dumping av opptil 250 millionar tonn i Førdefjorden.

– CMS Kluge har tilbode eit svært kompetent lag samansett av personar med ekspertise innan offentleg forvalting, industri og EØS-rett. Vi har stor tru på at dei kan hjelpe oss med å vinne saka, slik at vi hindrar sjødeponi i Førdefjorden og styrkjer rettsvernet til naturen, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom, i ei pressemelding.

CMS Kluge har over 200 tilsette og er med i eit internasjonalt advokatsamarbeid med over 70 kontor i 40 land.

– Dette er ei viktig naturvernsak. Dersom gruvedrifta hadde blitt gjennomført på ein annan måte, kunne ein ha utnytta ressursane betre og unngått sjødeponering. Derfor reiser denne saka fleire spørsmål som fortener ei grundig behandling i domstolen. Målet vårt er å få slått fast at dei offentlege løyva må gjerast om, seier advokat Amund Noss i CMS Kluge.

Arbeidet med søksmålet er i gang, men saka kjem truleg ikkje opp for behandling i Oslo tingrett før hausten neste år.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom meiner at Klima- og miljødepartementet si godkjenning av å dumpe gruveavfall i Førdefjorden er eit klart brot med forureiningslova og EUs mineralavfallsdirektiv.

(©NPK)

Publisert: 01.09.2022 13:17

Sist oppdatert: 01.09.2022 13:19

Mer om