Kort fortalt

Gryteklar klippfisk-gevinst

Meir å tene på å gjere klippfisken gryteklar.

NPK
18.10.2023

NPK: Noreg eksporterte klippfisk for 5,6 milliardar i fjor. Ansvaret for å vatne ut og vidareforedle norsk klippfisk ligg i dag hos aktørar i utlandet, men no ønskjer ei vestlandsbedrift og sjølv gjere fisken sin gryteklar.

Det skriv NRK Møre og Romsdal.

Klippfisken til Ålesundsbedrifta Brødrene Sperre blir sendt ut av landet heil, medan utanlandske bedrifter vatnar han ut og kuttar han i porsjonsstykke.

Møreforsking har samarbeidd med Brødrene Sperre i to år og trur at bedrifter kan tene meir pengar på å ikkje berre produsere klippfisken, men også tilverke han. På den måten kan det kome meir klippfisk også i norske butikkar.

Kjartan Stokke, produksjonssjef ved Brødrene Sperre, seier til NRK at dei no ønskjer å utvikle seg og tilverke klippfisken.

– Marknaden i utlandet spør etter meir bearbeidde produkt, og no vil vi hive oss på.

Publisert: 18.10.2023 13:44

Sist oppdatert: 18.10.2023 13:44