På Nordfjordeid har lokale krefter gått saman om tiltaket «Grøn integrering» for å læra innvandrarar å dyrka frukt og grønt.
Det er Haugland og Eid Hagelag som står bak tiltaket.
– Vi såg at det var behov for å læra vekk litt om korleis vi gjer dette i Noreg, seier initiativtakar Ann-Joril Bratlie Haugland til NRK.
I tillegg til at innvandrarar får læra korleis dei skal dyrka frukt og grønsaker på nordlege breiddegrader, peikar Haugland på at prosjektet også skaper meistring, motivasjon og trivsel – i tillegg til at dei som er med, får språktrening.
Ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, er full av lovord om prosjektet som også har fått med seg kommunen, skulen og lokale bedrifter.
– Dette er integrering og god lokalsamfunnsbygging i praksis, seier han til kanalen.
Forskar Heidi Lydersen som har vore med i eit forskingsprosjekt om krysskulturelle møte som oppstår i dyrkingsfellesskap, meiner prosjektet i Eid har overføringsverdi til fleire.
– Vi treng å utvikle lågterskel sosiale møtestader som er allment tilgjengelege og inkluderande. Dyrkingsprosjekta har alle desse kvalitetane, seier ho.
Publisert: 25.05.2021 16:58
Sist oppdatert: 25.05.2021 16:59